26 august, 2006

Pondus lyg!!


For dei som les Pondus vil eg(Kristian) berre opplyse om at forsida på Pondus nr. 9 - 2006 lovar fleire seriar inne i bladet enn det som faktisk er der. Det står M, Eon, Rutetid, Mille, Rocky, Skrapparkar og sånn. Det som eg då ikkje finn i bladet er, Mille og "og sånn", ingen av desse to er i bladet. Eg vil derfor seie at dei som kjøper dette bladet vert ganske kraftig lurt. Eg er skuffa og vonbroten (sitat Kjell Bondevik) over at eit blad som Pondus kan komme med slike løgner.
Når me fyrst er inne på Pondus vil eg oppmode om ei folkerøysting mot Duplex, The flying McCoys og RedakTom! Desse innslaga i Pondus synes ikkje eg er morosame å lese, dei er rett og slett umorosame! RedakTom trur han er morosam med sine "småsyrlege" svar frå Spania(påstår han sjølv), men eg kan ikkje sei meg einig i dette.
Dei seriane som eg synes fortener å vere med i Pondus er Pondus(sjølvsagt), Eon, Rutetid(til tider) og M.

08 august, 2006

No har me og verte bloggingsar

Som dei treige personane me er har me endeleg fått vår eigen blogg her på verdsveven(eit fantastisk instrument for å brette ut liva våre for andre). Nå skal me sjå om dett funkar.