07 desember, 2006

Dagens middagstips pluss ei oppklaring

På søndag var Benedicte i sitt ess då ho slo til med komler/komper/raspeballer osv. Eit herleg måltid som vara i heile tre middagar i tillegg til at det er godt!! Så no følgjer eit lite samandrag av korleis nokre potetar kan verte til nokre ganske rare klumper som smakar godt.
Her er den viktigaste råvara, potetar(jårple). Desse må skrellast for så å verte raspa på eit rivjern eller liknande. Ha så oppi kveitemjøl og andre sakar og ting som står i oppskrifta som kjem litt lengre ned på sida.
Det skal verte til ein deig som du lagar ein passe stor ball av.
Så fyller du denne ballen med smør/margarin og ......lauk. Det er og mulig å legge inn litt kjøtt eller noko anna som ein har tilgjengeleg.
I gryta har du på førehand hatt vann og buljong eller kraft opp i, som skal vere rett under kokepunktet ellers så koker komlene i sund.
Dette er eit godt tilbehør, pølse og bacon(steikast), kokt kålerabi er heller ikkje dumt.Etter at komlene har trekt på svak varme i omkring ein time(avhengig av storleik) er det berre å anrette det på ein tallerken og ete seg god og mett. Velbekomme!

Oppskrift:
  • 1 kopp havregryn
  • 1 kopp melk
  • 10 potetar
  • 1 pose potetstappe
  • Kveitemjøl til ein tjukk deig
Trekkes i kraft i 1/2-1 time, til dei er passe faste.

Dette var godt!!

Til slutt kjem ei oppklaring, viss du lurte på kvifor det er så lite bar på juletreet ditt, så er det berre Brtitney Spears som har tatt det.

Det må stikke ganske mykje, og så fire kveldar på rad! Ville tru det var mer komfortabelt med truse enn bar, men kanskje ho ikkje veit betre.