30 oktober, 2006

Lenge sidan sist

No er det ei stund sidan sist det var noko liv her. før denne oppdateringa har det skjedd litt av kvart. Eirik Og eg(Kristian) har vore på jakt i Jotunheimen rett ved Bygdin, som forøvrig er 215 meter på det djupaste. Dette var helga 6.-8. oktober. Her kjem eit lite referat frå turen:Dette er eit bilete av teltplassen vår

Eirik speidar etter ryper i det fine veret
Utsikt frå Høgbrotet, midt i biletet kan ein skimte Besseggen.
Her er ser me noko av Mjølkedalsbreen
Her sit jegerane på Høgbrotet

Jaktturen enda med at Eirik fekk to ryper på ein eller annan topp. Dessverre vart me så huga på fleire ryper etter dette at eg ikkje fekk tatt nokre bilete av den heldige jegeren. Uansett, desse to rypene enda som forrett i ein tre-rettars middag hos Sigrid og Eirik. Takk for god mat og ein koseleg kveld!

Til slutt var Benedicte og eg pluss mange andre, deriblant Sigrid og Eirik, Gunn Sissel, Silje, Kari Merete osb. på konsert med Odd Nordstoga på laurdag 21.oktober. Ein verkeleg finfin konsert!Heia Odd!!