27 januar, 2007

Hei

Her går det unna med oppdateringar, på rekke og rad...
Det er mange artige sider på verdsveven, denne sida om diverse ordelingsfeil er rett morosam.
Bortsett i frå andre sine orddelingsfeil, går livet i det stuestølske hjem ganske bra. Benedicte har vondt i albuen, men fysioterapeuten tar ikkje telefonen, så kva kan ein stakkar gjere?
Snart skal Kristian ut i praksis igjen, det vert spennande. Ein del medstudentar skal ut å reise til stader der det er malaria, edderkoppar, slangar, varmt og sol. Kva skal dei der å gjere når ein har sjansen til å vere i Bergen? Her er det ein fantastisk variasjon, berre på ca ein time har det regna, hagla og vore litt solskin! Det er ein velsignelse å vere i Bergen.

Tran smaker ikkje så vondt som Benedicte seier.
Torstein meiner det er betre med to på 15 enn ei på 30.
Verdens lengste palindrom er, saippuakivikauppias.

Skulle du forresten lure på kva for ein madrass du er kan du finne det ut her.

Har vore ute på tur og tatt nokre bilete, litt frå nyttårsaften og.

Storevatnet
Utsikt frå Storevatnet
NedrediketFjellveienNyttårsaften
NyttårsaftenNyttårsaften

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei, ingen har kommet med en eneste kommentar om de fine bildene du har tatt. Det så da ut som det var riktig vinter i fjellveien... Flotte bilder og fantastisk at du har sett det som en velsignelse å være i Bergen når vi andre har vært i Utlandet.

Her og fru, kos dere i brøllopp i helga. Snakkes te uken:)